Kvar haust gir Åpne Dører kristne i Noreg høve til å engasjere seg for forfulgte søsken; særleg gjennom to arrangement: Fakkeltog og «Søndag for forfulgte». I fakkeltoget tek ein engasjementet for forfulgte kristne ut i det offentlege rom; for å skape merksemd rundt uretten som kristne vert usett for. Årets tema er «Bakerst i køen». Her set ein fokus på kristne som lid ekstra under Covid 19 – fleire stadar rapporterast det om at dei blir ståande bakerst i køa for naudhjelp, berre fordi dei trur feil. Det er planlagt å arrangere fakkeltog i fleire norske byar utover hausten. «Søndag for forfulgte» er ein valfri søndag i november, og her er det kyrkjer, forsamlingar og familiar som er målgruppa. Åpne Dører oppmuntrar kristne til å sette av ein dag i året med særleg fokus på forfulgte søsken. Årets tema er: «Når stormen raser. Hva kan vitnesbyrdet til våre forfulgte søsken vise oss?» Gode ressursar finn du på www.opendoors.no I programmet får du elles høyre Håvard Sveås synge «Stå sterk i stormen», som han skreiv til fjorårets fakkeltog.
Åpne Dører veke 46
