Site icon Radio Sunnmøre

Årets tv-aksjon går til Redd Barna

Årets tv-aksjon på NRK går av stabelen søndag 22. oktober. Pengane i år går til å hjelpe barn ramma av krig og konflikt, og det er Redd Barna som driv årets innsamlingsaksjon. Det som blir samla inn skal blant anna gå til å gje born moglegheit til å gå på skule, til å bli gjenforeint med sin familie og få hjelp til å handtere vonde opplevingar. Årets prosjekt er i landa Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg. 

Ulla Hay, fylkesaksjonsleiar i Møre og Romsdal for Tv-aksjonen NRK, fortel meir i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Exit mobile version