Site icon Radio Sunnmøre

Bibelen ut til folket

 

 

Pastor i Herøy Frikyrkje, Erhard Hermansen, vart inspirert av å delta på Bibelselskapets 200 års feiring i Oslo. Han tok ideen med heim og denne veka er det Bibelfestival i Fosnavåg.

Han fortel om positive tilbakemeldingar frå bibliotek, skular og private.

– Bibelen er Bøkenes bok og Herøy Folkebibliotek sette i gang med å organisere ei stor bibelutstilling med biblar som er fleire hundre år gamle. Her vil og Edvard Hoem holde foredrag om kva Bibelen har betydd for vår kultur og samfunnsutviklinga i Norge, fortel Hermansen til Radio Sunnmøre.

Og på filmlerret vil Bibelen vere i fokus denne veka. Filmanmelder Jon Selås (VG) har sagt at han enda har tilgode å sjå ein film som ikkje har preferansar til Bibelen. Han skal holde foredrag om bibelske temaer i filmar.

Det blir og høgtlesing av Bibelen frå perm til perm. Midt i Fosnavåg sentrum skal 50 personar bruke 80 timar på opplesinga.

Her kan du høyre Erhard Hermansen fortelje meir om Bibelfestivalen:

 

https://usercontent.one/wp/radiosunnmore.no/wp-content/uploads/2016/09/Bibelfestival-i-Herøy-7-11-September-Pastor-Erhard-Hermansen-.mp3?_=1
Exit mobile version