Site icon Radio Sunnmøre

Dagleg leiar går av i Plussreiser

-Det har vore veldig spanande og veldig givande, fortel Aud Kindervåg Halsne om sin tid som dagleg leiar for Plussreiser til Radio Sunnmøre.

Aud Kindervåg Halsne, som fyller 62 år i oktober, gir seg som leiar etter eige ynskje i Plussreiser. Ho held fram i selskapet som reiseleiar og prosjektmedarbeidar.

-Eg har ein leiarfilosofi som seier at det er ikkje lurt å vere leiar så veldig mange år i eit selskap. Det er lurt at nokre nye auge kjem inn og få sjå. I tillegg må eg legge til at det er ein altoppslukande jobb der ein ikkje klarer å skvise inn alt det ein ynskjer å gjere i ein kvardag, fortel Halsne til Radio Sunnmøre om avgjersla.

Aud starta i selskapet i 2014, og har sidan då vore ei viktig drivkraft i selskapets utvikling. Ho har blant mykje anna stått i bresjen for ei stor samanslåing av dei tre reiseselskapa SI-Reiser, Sabra Fokusreiser og Ravinala Reiser til merkevara Plussreiser.

Styreleiar Karl Arne Austnes takkar henne for ein formidabel innsats gjennom både koronakrisen og no sist då av deler av marknaden fall bort som følge av Hamas sitt terrorangrep og påfølgande krig.

– Aud har saman med ein dyktig stab sørga for å finne nye marked og likevel klart å oppretthalde god omsetning. Det er eigarane svært takknemlege for, seier Austnes.

Han legg til at Aud vil bli sakna, både for sine evner til å sjå moglegheiter og sin klokskap i møte med kundar, tilsette og reiseleiarar.

– Tilbakemeldingane vi får frå kundane er gode. Aud har alltid hatt kunden i fokus og sørga for at våre tenester har halde høg kvalitet. Hennar leiarskap har vore prega av profesjonalitet og engasjement. Vi er svært takknemlege for hennar innsats over fleire år, seier Austnes.

– Eg ser tilbake på ti meiningsfulle og spanande år, seier Aud, som gler seg til å halde fram i ei ny rolle for reiseselskapet ho er så glad i.

– Stillinga som dagleg leiar i Plussreiser er no lyst ut, og vi ser fram til å finne ein etterfølgar som kan bygge vidare på det solide grunnlaget Aud har lagt, avsluttar Austnes.

Høyr heile intervjuet på Radio Sunmøre.

Exit mobile version