-Det er ei sjølvfølge for meg, fortel Mathias Ryberg (25), om det å eige trua på Jesus og om det å synleggjere at han er ein kristen med korset hengande rundt halsen. Han er ein aktiv lyttar av Radio Sunnmøre og set særskild pris på innhaldet vi sender, som vinklingane på intervjua og ulike andaktsprogram. Det var under ein leir i Grimstad han gjekk frå barnetrua til å ta eit standpunkt om å følgje Jesus. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han at han er takksam for radioen og for lokale kristne ungdomsforsamlingar.
Høyr heile intervjuet med Mathias Ryberg.