Site icon Radio Sunnmøre

Det første bønneprogrammet klart

Det første programmet av Irenes bønnekrok vart sendt på Bedehuskanalen i helga, og i den neste timen skal fleire program produserast og planleggast. I kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes fortel ho om at programmet er ei utstrakt hand til alle som sit heime aleine og ynskjer nokon å be saman med. I tillegg så kan ein i programmet få undervisning om bøn. – Det er ofte slik at når vi ber for andre, så ber vi for oss sjølv og, seier Krokeide Alnes. Ho håpar at menneske kan få oppleve berøring av Jesus gjennom programmet.

Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Exit mobile version