Laurdag var det duka for ekstraordinær generalforsamling i Indremisjonsforbundet (ImF) i Bergen. Hovedfokuset var det store underskotet organisasjonen har arbeidd på seg med bygging av Sjøholt folkehøgskule. Krinsleiar for ImF Sunnmøre, Johan Halsne, fortel at han opplevde indremisjonen på sitt beste då dei diskuterte under generalforsamlinga og at ein avslutta dagen med gode vedtak på vegen vidare. Halsne fortel også at sjølv om bygginga av Sjøholt folkehøgskule har skapt eit stort underskot for ImF, så går skulen i drift i pluss. Han fortel også at han er stolt over å ha skulen i eigen krins og at skulen til hausten har gode søkartal.