Site icon Radio Sunnmøre

Eit liv med hjarte for Afrika

For Gunnar Hamnøy starta året med å gå av som dagleg leiar for NSP Aid. Bistandsorganisasjonen han sjølv var med å starte for over 15 år sidan. Vegen dit har vore lang og ei stor velsigning for Hamnøy. Det fortel han i eit lengre intervju på Radio Sunnmøre. Han fortel om korleis han gjekk frå eit yrke med sal og høg inntekt til å bli forkynner i Misjonssambandet. Og det var på sin fyrste tur til Afrika som forkynner at hjarte for Afrika starta å forme seg.

Den 1. januar tredde Hamnøy av som dagleg leiar i NSP Aid og skulle starte på eit rolegare pensjonistliv. Han har no fått beskjed om at han har fått ein alvorleg sjukdom. Til Radio Sunnmøre ser han tilbake på tida han har fått i NSP Aid som ei stor velsigning, og han kjenner no at han blir boren gjennom tida med sjukdom.

Eit lengre intervju med Gunnar Hamnøy får du på Radio Sunnmøre søndag 18. januar kl. 21-22.

Exit mobile version