Søndag 27. august er det klart for EmblemsfjelletOpp. Det er Ålesundsløpene som er arrangør for løpet saman med Åpne Dører. Dette er eit av veldedighetsløpa Ålesundsløpene arrangerer årleg, og for fjerde året på rad arrangerast dette i samarbeid med Åpne Dører og Emblem bedehus.
Det heile startar på Emblem bedehus med gudsteneste søndag føremiddag, der Åpne Dører sitt prosjekt i Colombia blir i fokus, etterfulgt av barneløp og familierebus, før dei som ynskjer det tek turen vidare opp til Frielebu.
Nytt av året kan ein velje mellom fleire distansar på Emblemsfjellet Opp. Anten om du vel å springe 7,5 km eller 14,5 km, så er målområdet for alle i år på Frielebu. Der vil Helge Åkernes stå og ta i mot den enkelte som speaker denne dagen. Det blir folk som grillar pølser, og det blir drikkestasjonar.
Påmelding til løpa finn du på Ålesundsløpene sine heimesider. Høyr heile intervjuet med Helge Åkernes.