Site icon Radio Sunnmøre

Farfars samtaler med Quisling

Hausten 1945 fekk presten Peder Olsen det upopulære oppdraget med å gje sjelesorg til Noregs mest hata mann. Olsen starta som prest i Hjørundfjord i 1927 og vart seinare sjukehusprest ved Lovisenberg i Oslo. Dagboka til Olsen har vore familiens hemmelegheit i mange år. I 2024 gav barnebarnet, journalist Håkon F. Høydal, ut boka Kruttårnet som fortel om farfarens møter med Quisling. Boka gir eit bilete av Quisling i dei siste vekene, gjennom farfarens dagbok. I eit intervju med Høydal får vi høyre korleis det var å lese denne dagboka fyrste gong.

Exit mobile version