For fyrste gong arrangerast det ein serie med opne foreldrekveldar på Blindheim bedehus i regi av IMF Ung Sunnmøre. Det er Hilde Sofie Blindheim Østrem, barne -og familiekonsulent, og Maria Zhal, står i regien av arrangementa. Tema som skal takast opp dei tre onsdagane i mars og april går på å tør å vere ærlege om foreldrelivet, og få lytte til folk som delar sine erfaringar. Målet er å møtast, samtale, oppmuntre, utfordre og inspirere kvarandre som foreldre i kvardagen. I eit intervju med Hilde Sofie Blindheim Østrem og Maria Zhal får vi høyre meir om kveldane.