Åtte foreldrekvelder for foreldre med ungdom i regi av Familievernkontoret på Sunnmøre er fullbooket. Anne Line Dahl Gjærstad fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at dei opplever at det er eit behov for informasjon og støtte til ungdomsforeldre. -Vi opplever at mange foreldre er usikre på korleis dei skal vere foreldre. Er vi for strenge eller for ettergivande? Korleis kan vi gjere borna våre trygge, fortel Dahl Gjærstad. ICDP-International child development programme er namnet på kurset som skal haldast, og Dahl Gjærstad fortel at Sunnmøre har fleire instruktørar som er kursa i dette programmet. Ynskje med kurset er å gjere foreldre tryggare i sin rolle.