Site icon Radio Sunnmøre

Fullt hus på Molde bedehus

– Eg trur aldri eg har sett så mange folk på bedehuset her, vart det sagt av bedehusfolket i Molde bedehus etter konserten søndag kveld. Det var 220 songglade mennesker som møtte til allsongkveld med konseptet Han er min song og min glede. Ståle Heggseth m/team frå Emblem bedehus, Rune Sæther m/team frå Misjonssalen i Ålesund og Lidvar m/team frå Molde bedehus, saman med proffe musikarar tok dei frammøtte med gjennom dei kjære og kjende bedehussongane. Alt frå den 100 år gamle Namnet Jesus til svenske og norske kjende tekstar.

Radio Sunnmøre og NSP Aid stod som arrangørar, og haldt kvar sine innlegg om eit breidt og viktig arbeid lokalt og ut over våre fylkesgrenser. Det var kjekt for oss å møte lyttarar og støttespelarar til radioen, og for nokre var det fyrste gong dei fekk høyre om oss.

Ein fantastisk kveld som vi set stor pris på at vi fekk vere med på. Tusen takk til alle som kom, og tusen hjarteleg takk for ei flott kollekt til arbeidet til Radio Sunnmøre og NSP Aid.

Exit mobile version