Ei heilt ny undersøking viser at ni av ti born er på Youtube. Youtube er den mest brukte videoplattforma blant born og no kan foreldre ta grep for å gjere dette tryggare og meir barnevennleg. I eit webinar 6. desember tilbyr Barnevakten hjelp til korleis trygge borna på Youtube.
Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, for å høyre meir om både foreldreinnstillingar på Youtube og om webinaret komande tysdag.