Torsdag 7. november kjem Ingrid Helene Kopperstad Raunehaug til Alnes Fyr og Opplevelsessenter for å halde konsert. Ingrid Helene har vakse opp på Emblem og bur no i Bergen saman med familien. Ho satsar sjølv no på musikken og er både komponist, pianist og vokalist, og lagar sin eigen musikk. På konserten tek ho med seg nokre gjestar som ho held hemmeleg fram til konserten, men fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at det blir ein fin kveld.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.