-Det har vore meir utfordrande enn eg såg for meg då eg starta i jobben, fortel generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon (DNI), Jarle Råmunddal, som starta i jobben i august 2023. Til helga skal det arrangerast inspirasjonssamling med DNI på Sunnmøre på ulike bedehus. Organisasjonen har fokus på å ha omsorg for det jødiske folket og å bringe evangeliet tilbake til det jødiske folket, og dermed ikkje så stort fokus på det politiske rundt staten Israel, i fylgje Råmunddal. I løpet av helga blir det både Israelskveld, seminar og gudstenester på ulike bedehus.
Høyr heile intervjuet med Jarle Råmunddal på Radio Sunnmøre.