Site icon Radio Sunnmøre

Kraftig auke av faste lyttarar

-Det er heilt utruleg og ganske fantastisk på same tid, seier dagleg leiar i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, om dei nye lyttartala til Radio Sunnmøre. Nyleg fekk kanalen vite at det faste talet på lyttarar kvar veke har stige med 60% frå 2021 til 2022.

I 2021 hadde Radio Sunnmøre nær 5000 faste lyttarar kvar veke og nær 3000 faste lyttarar kvar dag, og dette målt blant radiolyttarar i dei ulike kommunene på Sunnmøre. Dei nye tala frå 2022 er nær 8000 faste lyttarar kvar veke og nær 5000 faste lyttarar kvar dag.

-Radio Sunnmøre er ein kristen nisjeradio som dekker Sunnmøre ved å sende både på FM og på DAB, og i tillegg er vi 24/7 på internettradio. Det er ganske fantastisk at ein radio som oss har klart å gjere oss så meinigsfulle, inspirerande og aktuelle for så mange lyttarar på Sunnmøre. Vi prøvar vårt beste å vere lokale i det meste vi lagar av produksjon, og vi prøvar å vere breie heller enn smale, legg dagleg leiar til.

Når langt på sosiale medier

Også via sosiale medier når Radio Sunnmøre langt. I år har radiokanalen nådd omlag 10 000 mennesker kvar månad via facebook, og heimesida har hatt 32000 besøkande per 8. november i 2022. Podkasten til Radio Sunnmøre har til no over 20 000 nedlastingar i år.

-I tillegg til at vi har såpass mange faste lyttarar på Sunnmøre, så når vi langt utover Sunnmøre med sendingane våre både via internettradio, som også kan lyttast til via appen Radioplayer, og via sosiale medier og podkast. Så det er ikkje grenser lenger for kor langt ein kan nå dersom ein brukar mulighetene riktig, seier Vartdal Espelund.

Exit mobile version