Røde Kors Møre og Romsdal i samarbeid med Ålesund Bibliotek skal frå 6. mars starte med tilbod om leksehjelp for vaksne elevar. For alle over 18 år som framleis er på grunnskule eller i vidaregåande. Ester Kalvø og Richard McBain fortel om eit tilbod som kan hjelpe folk med ulik bakgrunn og med fleire språk. Det er eit lavterskeltilbod der ein kan få hjelp i alle fag kvar mandag på Ålesund bibliotek mellom kl. 15-17.