Site icon Radio Sunnmøre

Lydia –  Guds tenestekvinne i fiendtlege omgivelsar

Denne hausten hadde Åpne Dører besøk av Lydia frå Sørvest-Asia. I dette programmet deler Olaug Lillian Bjørke vidare noko av det Lydia fortalde under Noregs-opphaldet. Du får bli med til tre av dei øvste landa på World Watch List, der Lydia trufast tener Gud og menneske. I eit av desse landa seier myndigheitene at det ikkje finns ein einaste kristen. «Men kva veit vel myndigheitene om korleis Gud arbeider i menneske sine hjarte?», seier Lydia med glimt i auget. Sjølv kjenner ho mange kristne i dette landet, og historia til nokre av dei får du høyre i dagens program.  Lydia har ei sterk oppfordring til kristne i Noreg: «Be for oss! Dine bøner utgjer ein stor forskjell. Vi kan føle bønene dykkar; dei er som ein mur rundt oss!» Så utfordrar Lydia oss til å stå saman med dei i tenesta for forfølgde kristne i nokre av verdas tøffaste land. Dei forfølgde treng Lydias teneste, og Lydia treng oss! I programmet får du elles høyre Kor de Ville synge «Herre gå med oss»

Høyr heile programmet HER.

Exit mobile version