Site icon Radio Sunnmøre

Meinar hans kristne ståstad øydela for ei karriere i NRK

I perioda 2009 til 2011 arbeidde Steinar Saltvik i NRK Hedmark og Oppland (i dag NRK Innlandet) på kontrakt, som kameramann og grafiker samtidig som han fullførte TV-studiane.

Han deltok i redaksjonsmøta med sin bakgrunn og sine haldningar som kristen. I nokre av sakene der han delte sine synspunkt på at vinklinga var misvisande utifrå det han sjølv visste var sant, så forstod dei andre at han var ein kristen. Då opplevde han å bli møtt av ein overordna kollega med: – Å, er du kristen? Eg trudde ikkje at vi tilsette kristne i NRK.

Etter ei anna hending vart han kalt inn på sjefens kontor og fekk beskjed om at dette sannsynlegvis ville få konsekvensar for hans karriere i NRK. I ettertid har ikkje Saltvik ein gong fått svar på søknadar han har hatt til NRK.

I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Saltvik at denne opplevinga har vore svært vond også i ettertid. Han synest det ikkje bør vere slik at du ikkje skal kunne få vere deg sjølv, med den trua du har, også i ein redaksjon i NRK. Og at det i ein statseigd kanal bør vere plass til ulike livssyn og meiningar når ein skal diskutere saker i ein nyheitsredaksjon.

Til Dagen seier Helge Kirkhus, som på denne tida var teknologisjef i NRK Hedmark og Oppland: -Jeg vil benekte på det sterkeste at folks personlige valg, enten det gjelder livssyn eller politikk, avgjør om du får jobbe hos NRK. Vi har folk fra mange forskjellige bakgrunner og med ulike livssyn.

Til det seier Saltvik til Radio Sunnmøre: -Det er bra at NRK vil tenke slik at ein skal få halde på trua si. Det er nok slik at du kan vere kristen i NRK, så lenge du ikkje kjem med dine perspektiv basert på di tru. Men kan du då kome og arbeide som kristen i NRK og vere deg sjølv, eller skal du late som du er nokon andre og legge skjul på den du er?

På grunn av ferie fekk ikkje NRK nokon til å stille til intervju på Radio Sunnmøre, og henviser til svara dei har gitt til avisa Dagen.

Foto: Elin Therese Slotten

Exit mobile version