Site icon Radio Sunnmøre

Når Gud forsvinn som fundament i vår kultur

I boka Røtter skriv Eivor Andersen Oftestad fleire artiklar om korleis Gud ikkje lenger er ein forklarande grunn i vår kultur. Oftestad er kirkehistoriker og førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskolen i Innlandet, og har publisert ein rekke fagartiklar og populærvitenskapelege kronikkar, og i tillegg er ho forfattar av boka Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 400 år (2016), medforfattar av bøkene Å minnes de døde (2019) og Hva vil vi med fosterdiagnostikken? (2021).

I eit intervju med Oftestad om innhaldet i boka Røtter, tek vi ein prat om kvifor det er slik at Gud har forsvunne som fundament i vår kultur idag, og om kvifor det er vanskeleg å få respekt og å bli høyrd når ein fremmar kristne verdiar i debatten. Høyr intervjuet med Eivor Andersen Oftestad på Radio Sunnmøre.

Exit mobile version