Site icon Radio Sunnmøre

Ny leiar for Jesuskvinner Ålesund

Mandag feira Jesuskvinner Ålesund 20 års jubileum med reker, kake, lovsong og tilbakeblikk. Jorunn Godø, saman med tre andre damer, starta det tverrkyrkjelege konseptet lokalt for 20 år sidan etter å ha blitt svært engasjert og berørt under ei Jesuskvinner -konferanse i Oslo. Sidan då har Godø vore leiar i Ålesund, men mandag 5.juni under jubileet gav ho leiarstaven vidare til Ingrid Rødset (36). 

Rødset fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at då ho gjekk på vidaregåande fekk ho ein profeti om at ho ein gong skulle leie ei gruppe med jenter. På den tida var det heilt fjernt frå ho, sidan ho likte mest å henge med gutar. Mandag tok ho over leiarstaven for Jesuskvinner Ålesund og Radio Sunnmøre har tatt ein prat med henne om dette.

Exit mobile version