Site icon Radio Sunnmøre

Nyopning for NMS Gjenbruk Ålesund

Fredag 12. januar haldt NMS Gjenbruk Ålesund nyopning, etter å ha ominnreda og pussa opp butikken. Fargane og interiøret er prega slik kjeda NMS Gjenbruk pregar sine butikkar, og det er no gjort plass også til brukte kle. Styreleiar Reidar Standal fortel om høg aktivitet i NMS Gjenbruk sin einaste butikk i Ålesund, som no ligg i Lerstadvegen i Breivika. Butikken har 50 frivillege som driv butikken og hadde eit godt overskot i 2023. Høyr intervjuet med Reidar Standal då Radio Sunnmøre tok turen innom butikken for ein prat.

Exit mobile version