Ung på nett vart lansert under Arendalsuka i august, og det er Barnevakten som har kome med eit nytt førebyggande nettvettkonsept til ungdomsskular i heile Noreg. Lærarar og skuleleiarar inviterast til å sette opp foredrag, kurs og gjennomføre klasseromsundervisning i Ung på nett utover hausten med støtte frå Barnevakten. Målet er å gje deltakarane verktøy til å førebygge nettmobbing, hatprat, utanforskap og kriminalitet i digitale kanalar. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.