Forrige veke var Marit Stokken Berland og Jarle Berland og haldt møteveke på Sykkylven bedehus. Møtene gjekk kvar kveld tysdag til søndag og det vart servert kveldsmat kvar kveld. Bak ei slik møteveke står det eldsjeler og pådrivarar for å få dette til å gå, og i kvardagspraten tek vi ein prat om kor viktig det er med slike personar som set av tid til dette. Høyr kvardagspraten med Marit Stokken Berland.