Site icon Radio Sunnmøre

Populært ungdomstreff på Ellingsøy bedehus

-Det er veldig, veldig gøy, seier Anna Sperre om 7aren, som synest det er kjekt med kiosk og leikar. I fleire tiår har 7aren på Ellingsøy bedehus vore eit ungdomsarbeid for barn mellom 5. -7. klasse (10-12 år) annakvar fredag. Sperre synest annakvar fredag er alt for sjeldan. Venninna Mathilde Bjørge er einig i dette, og fortel at det av og til er heile klassa som stiller på 7aren.

I haust starta fyrste samling med 35 deltakarar, og under andre samling var det samla rundt 50 ungdomar i bedehuskjellaren. Grunnen til auka var at dei som starta opp som 8. klassingar denne hausten ynskja seg inn på 7aren som dei gjekk ut i frå i vår, sidan dei trivdes så godt der. Sidan ynskje om å få kome til ungdomskveld på bedehuset for 8. klassingane og oppover er så stort, så skal det no også starte Seinfredag for denne aldersgruppa denne hausten.

Lasse Molnes starta sjølv som deltaker på 7aren, før han vart leiar i ung alder. No er han framleis med som leiar og far til born i aldersgruppa.

-Det er uvurdeleg å få samle ungdom i denne alderen der ein kan få høyre Guds ord, seier Lasse Molnes. Han starta sjølv som deltaker på 7aren, før han vart leiar i ung alder. I dag er han far til born i aldersgruppa og framleis med som leiar.

Då Radio Sunnmøre var tilstades på 7aren tok vi også ein prat med nokre jenter som var på ungdomskveld for fyrste gong. Dei uttrykte alle at dei kom til å gå her alle tre åra frå 5.- 7. klasse.

Jentene frå 5. klasse er på 7aren for fyrste gong denne hausten. Og dei er alle sikre på at dei kjem til å gå alle tre åra.

Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Exit mobile version