Fagbøkene tek pause denne veka når Møre barne – og ungdomsskule Ålesund har prosjektveke. Dei samlar inn pengar gjennom ulike prosjekt og oppgåver, og avsluttar veka med misjonskveld for familie og ein arbeidsdag. Leander Ødegaard Lovett (8kl), Ingrid Elise Lindin Aaberg (9kl) og Sara Emilie Steinshamn (8kl) har vore i studio for å fortelje meir om prosjektveka.