Site icon Radio Sunnmøre

Radikalt å endre abortgrensa til veke 18

Assisterande generalsekretær i Menneskeverd

Menneskeverd er sterkt kritiske til å utvide dagens abortlov i Noreg. – Det er radikalt å endre grensa for sjølvbestemt abort til veke 18, seier Maria Elisabeth Selbekk, assisterande generalsekretær i Menneskeverd. Idag har fosteret krav på vern i norsk lov etter veke 12, og dersom ein utvidar denne grensa er ein med på å omdefinere når eit foster får verdi. Det som skjer frå veke 12 til 18 er at fosteret ser ut som eit menneske og alle organ er på plass. Fosteret treng då kun tid til å vokse. Ei av bekymringane til Menneskeverd er også at ei slik endring kan gjere at val om abort baserast på val av kjønn, gut eller jente.  

Høyr heile intervjuet med assisterande generalsekretær i Menneskeverd, Maria Elisabeth Selbekk.

Exit mobile version