Site icon Radio Sunnmøre

Radioen er ei misjonsgjerning

-Radioen er ei misjonsgjerning, fortel Arnstein Rødseth, styreleiar for Radio Sunnmøre. Denne veka har Radio Sunnmøre innsamling til drifta av den kristne lokalradioen. Dette er eit tiltak som måtte til på hausten sidan den nye pengespellova ikkje lenger gir lokalkringkastaren lov til å ha lotteri. I tillegg har Radio Sunnmøre denne hausten satsa på eigen kanal på DAB frå 1. september, noko som krev høgare produksjon og driftskostnadar. Det er ei satsing frå Radio Sunnmøre sin side og noko styreleiar Rødseth tenker er heilt rett å gjere.

Høyr heile intervjuet med styreleiar Arnstein Rødseth.

Og ynskjer du å vere med i denne vekas aksjon kan du gje ei gåve på vipps 72582 eller ei gåve til konto: 3900.21.10311

Exit mobile version