Det vart laurdag 4. november arrangert ei etterlengta radiomesse av Radio Sunnmøre, i hallen på Ålesund folkehøgskule. Forrige messe i hallen var arrangert i 2019 og fleire var spente på korleis det ville vere å starte på ny. Men, då dørene opna kl.1030 laurdag 4. november aula det på med folk i alle aldre gjennom heile dagen. Opp mot 400 menneske var innom hallen i løpet av dagen, og både tombola og åresalet gjekk unna. Kaker og graut var det også mange som koste seg med. Det var også mogleg å få kjøpt seg alt i frå lefser, til røykalaks og klippfisk, til aniskringle og havrekjeks.
Radio Sunnmøre sine tilsette set att med ei stor takknemlegheit til alle frivillege som har baka, rigga og rydda, selt varer og kome med gevinster. Tusen hjarteleg takk til kvar enkelt. Og tusen takk til alle som kom på dagen og støtta opp om messa. Heile 144 000 kroner kom inn til radioen sitt arbeid.