Ivar Bu Larssen er biblioteksjef for Ulvik folkebibliotek, teolog og tidlegare prest, fekk nyleg inn boka Jesus på 1-2-3 til biblioteket. Boka er ein del av Leseløveserien til Cappelen Damm og er innkjøpt på kulturfond, som er kulturrådets innkjøpsordning for litteratur til alle landets bibliotek. Leseløveserien innheld ulike faktabøker skrive for barn med illustrasjonar. Larssen reagerte sterkt på den nye barneboka i eit innlegg på facebook, då det viser seg at ei av historiene i boka ikkje finnast i Det Nye Testamentet. Han reagerar også på korleis Jesus blir framstilt gjennom tekst og illustrasjonar. Høyr heile intervjuet med biblioteksjef Ivar Bu Larssen.