Nesten kvar dag kjem det nye cruiseskip til Ålesund gjennom sommaren, og då er Seaman`s mission tilstades for å drive velferdsarbeid for dei utenlandske sjøfolka. Andre Sætre har med seg fleire frivillege som er med på dette arbeidet. I lokalet deira Torghallen i Ålesund har dei kaffi, kjeks og internett tilgjengeleg til mannskapet for ein prat og gratis internett. Dei får også tilbod om kristen litteratur og Sætre fortel at dei får gode samtalar om tru med dei som kjem innom, og at det er fleire som set stor pris på tilbodet.