Laurdag reiser Jan Oskar Alnes, saman med tre kameratar, og skal springe Oslo Maraton til inntekt for Åpne Dører. Heile 94 km skal kameratane springe samla, og håpar at folk vil støtte kilometerane dei skal springe. Alnes sjølv har trent gjennom sommaren og synest det er engasjerande å springe for eit mål med meining. Han gir også uttrykk for at dei kjem til å fullføre heile løpet om ikkje kronene kjem inn for alle kilometerane, men håpar at folk vil vere med å støtte eit godt formål.
Høyr heile intervjuet med Jan Oskar Alnes.