Kommunedirektøren i Ålesund gjekk ut og sa at skulane i Ålesund ikkje skulle flagge med regnbogeflagget på skulane sine flaggstengre i år. Jenny Klinge, stortingsrepresentant, er ein av få som har gått ut offentleg og vore einig med kommunedirektøren. -Eg meiner det er meir inkluderande å gjere det slik, fortel Klinge om at skulane ikkje skal flagge med regnbogeflagget.
Klinge fortel at det er FRI som står bak Pride og regnbogeflagget og at ho er kritisk til mykje av det FRI står for. Ho meinar at ein ikkje må innføre ei tvang til å vere einig i det FRI står for, men at det også må vere rom for å vere kritisk.
-Eg har forståing for at dei som ikkje har satt seg inn i det FRI står for og ikkje har tenkt nok over bakgrunnen for at ein feirer dette, ser berre dei positive sidene ved det, og det trur eg berre er snildt og godt meint. Men så lenge det er FRI som har starta dette og går ein under flagget og veiver med det, så er det fort ei støtte til det FRI står for. Og det er det eg og fleire ikkje ynskjer å støtte opp om, den ideologien og meiningane som ligg bak, fortel Klinge.
-Det er skummelt og svært polariserande, når foreldre og andre ikkje tør å ikkje flagge, og ikkje tør å ikkje gå i parade. Fordi dei er redd for å bli stempla. Det er ei utvikling vi må ta på alvor. Eg meiner at foreininga FRI og alle som er opptekne av å feire Pride må forstå at det tener mot sin hensikt til toleranse og inkludering om ein tvinger andre til å markere dette på bestemte måter, seier Klinge.
Høyr heile intervjuet med Jenny Klinge.