Krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne, har sagt opp sin stilling for å starte som krinsleiar i ImF Rogaland frå 1. september 2025. Halsne har vore krinsleiar i ImF Sunnmøre frå 2015, og han har tidlegare hatt fleire ulike stillingar innanfor Indremisjonsforbundet, og har også vore tilsett i næringslivet. Det å skulle reise frå Sunnmøre gjerast ikkje med lett hjarte, men ei avgjersle som Halsne og kona Aud har vurdert over lengre tid.
Halsne er overvelda og takksam for møta med misjonsfolket på Sunnmøre.
-Skal eg bruke eit ord, så vil eg seie takk. Den responsen både i form av gåver, og invistering av seg sjølv inn i ulike settingar, og måten vi har blitt tatt i mot på, det er overveldande. Eg visste nokon lunde korleis sunnmøringen var før vi kom opp her, men når vi ser tilbake på dette, ja, då blir eg overvelda, seier Halsne med klumpen i halsen.
-Eg vil sakne folket mest, både dei eg har fått jobba saman med og kanskje aller mest dei som er på huset her som eg møter dagleg. Og så vil eg sakne misjonsfolket og den måten eg og Aud har blitt møtt på. Vi reiser ikkje herifrå på grunn av vonde følelsar, tvert imot, så vil det vere krevjande for oss å reise herifrå.
Halsne kjem frå Halsnøy i Ryfylket og flyttar no tilbake til Rogaland etter 10 år på Sunnmøre.