Site icon Radio Sunnmøre

Sound of freedom i Ålesund

Ein sterk film, som både er kontroversielt debattert i USA og som blir lyfta høgt av mange kristne, som er sett av fleire tusenvis i USA allereie. Filmen Sound of Freedom er basert på ei verkeleg historie, om FBI agenten som jaktar på bakmennene bak menneskehandel av barn. – Guds barn er ikkje for sal, seier agenten om kva som driv han i jakta på bakmennene. I USA har filmen blitt mykje debattert på grunn av ulike årsaker, men temaet menneskehandel av barn er likevel eit viktig tema å sette fokuset på. Filmen har selt fleire billettar enn den nye Indiana Jones -filmen.

Ole-Andre Rønneberg i Gullskrinet har fått filmen til Noreg og fortel at filmselskapet har eit «pay it forward» system, som gjer at mange også får sett filmen gratis. Målet er å skape ei bevisstgjering rundt tematikken og nestekjærleik. Filmen blir vist på Odeon i Ålesund onsdag og torsdag, og endå lenger om mange ser filmen desse dagane. 

Exit mobile version