Site icon Radio Sunnmøre

Spennande dag for Møre Barne -og ungdomsskule Skodje

I dag skal saka om Møre Barne- og ungdomsskule Skodje opp i planutvalget i Ålesund. Skulen har ein dispensasjon på midlertidig drift med brakkemoduler som går ut til sommaren. No har skulen eit håp om at det blir starta eit reguleringsarbeid som legg til rette for permanent skuledrift. Eit anna element er at skulen ligg ved Brusdalsvatnet, som er ei viktig drikkevasskjelde, og at dette gjer at administrasjonen i kommunen ikkje kan tilråde planarbeid på eigendomen av hensyn til det.

Vi har snakka med rektor for Møre Barne -og ungdomsskule Skodje, Hilde Renate Sleveland, for å høyre litt om kva ho seier om dagens viktige møte.

Exit mobile version