Site icon Radio Sunnmøre

Stengt døra for forhandling i Midtausten

Det er dramatisk og uheldig at Noreg har anerkjent Palestina som eigen stat. Noreg har aldri vore i nærleiken av å gjere noko lignande tidlegare, og har no stengt døra for å vere i forhandling i Midtausten. Dette fortel Kjell Furnes i eit intervju på Radio Sunnmøre. Han har lang fartstid bak seg som politiker og stortingsrepresentant, og han sit på stor kunnskap om Israel og historia til Israel i frå Bibelen.

– Det verkar så historielaust når statsministeren seier han vil dele Jerusalem som hovedstad mellom to statar, seier Furnes. 

Høyr heile intervjuet med Kjell Furnes på Radio Sunnmøre.

Exit mobile version