På Møre barne – og ungdomsskule Ålesund er det mykje arbeidsfolk på plass for tida, både ute og inne. I tillegg til å fullføre klargjering av nye klasserom inne held skulen på med ei storsatsning på uteområdet. Ei heilt ny og flott fotballbane, i tillegg til Ålesunds største leikeapparat, skal vere på plass i løpet av året. Rektor Øystein Engås og avdelingsleiar for barnetrinnet Svein Ola Lillestøl viser Radio Sunnmøre stolt rundt på skulen. Høyr heile reportasja på Radio Sunnmøre.