Etter nokre dagar i Vardø, saman med Gro Hofseide, kan Irene Krokeide Alnes fortelle om mange sterke opplevingar. Det er få kristne i Vardø og det er lange avstandar til kvarandre, så det å få reise dit opp og samle folk til kristne møter var ei stor oppmuntring for Irene. Ho er takksam for å få reise rundt å halde kristne møter, sjølv om ein også til tider kan møte motstand.