Denne veka opplevde Eyvind og Siv Anita Volle eit terrorangrep rett utanfor inngangsdøra i Tel Aviv. Dei bur i Israel og arbeidar i ei menighet der og fortel i eit intervju at dei same dag hadde opa kyrkje i menigheta. Og dagen etter angrepet fekk dei grønt lys for å leve som normalt igjen. Dagane i Israel går frå å skalke alle luker til alarmen går, og til å kunne leve som normalt.
Eyvind Volle arbeidar som pastor i ei kristen menighet i landet og fortel at ut i frå tal dei har fått har trenden på jødar som trur på Jesus tredobbla seg sidan 90-talet. Det kan vere ganske tabubelagt å tru på Jesus som jøde. På den opne dagen, same dag som terrorangrepet, fekk dei dele ut fire nytestament og to Biblar på hebraisk. Han frå Bibelselskapet om delte dei ut fortalde at det var nytt.
Høyr heile intervjuet med Eyvind Volle.