Site icon Radio Sunnmøre

Tusen takk for SuperGiven

Frå 1. – 14. juni har Radio Sunnmøre hatt gåande ein Supergiv med eit mål om å samle inn 200.000 kroner til drifta av Radio Sunnmøre. Vanlegvis har radioen hatt eit lotteri gåande på sommaren, der ein har seld lodd for kr. 200.000,-. Dette året fekk radioen vite at vi som kringkastar ikkje får lov til å selje lodd lenger i fylgje ei ny pengespel lov hos Lotteritilsynet. Dermed måtte vi ty til nok ei innsamling med 200. 000 kroner som innsamlingsmål.

Resultatet på innsamlinga er kr. 180.250,-. Vi er rørt over den støtta vi er vist, og er utruleg takksame. Tusen hjarteleg takk til kvar ei støtte.

Vi har blant alle støttespelarane trekt nokre heldige vinnarar av nokre gevinstar vi har fått sponsa.

  1. Spaopphald på Hotell Union Geiranger – Anne Brit Erdal Magnussen
  2. Surprisepose frå Orkla – Odd Asbjørn Nybø
  3. Surprisepose frå Orkla – Silje Kristina Rasmussen
  4. Surprisepose frå Orkla – Eivind Håskjold.

Tusen takk igjen for all støtte!! Og har du gått glipp av dette og ynskjer å gi ei gåve, så kan du gjere det på vipps: 72582, eller bruke kontonr: 3900.21.10311. Tusen takk!!

Exit mobile version