16.januar vart årets forfølgelsesliste frå Åpne Dører offentleggjort, World Watch List 2019. Dette er den einaste oversikta på verdsbasis der religiøs fridom blir målt og oppdatert. Graden av fridom ein kristen har til å leve ut trua si på, blir målt på følgjande fem område av livet: privat, i familien, i samfunnet, nasjonalt og i kyrkjeliv. I tillegg blir eit sjette område målt: graden av vald. På denne lista rangerer ein dei 50 landa i verda der det er aller tøffast å leve som ein kristen. WWL er meir enn tal og statistikkar, den omfattar millionar av kristne søsken som blir forfølgde for trua si. Hovudmålet med å presentere forfølgelseslista, er å gi støtte til dei menneska som finns bak tala og statistikkane. I dagens program fortel Olaug Lillan Bjørke oss meir om WWL, og du får også eit intervju med Linda Askeland, Åpne Dørers informasjonsleder. Elles oppmodar Åpne Dører deg til å besøke nettsida www.opendoors.no for meir informasjon om World Watch List 2019. Ta også kontakt med Åpne Dører om du ønsker å få tilsendt årets WWL-hefte. I programmet får du også høyre songgruppa Kerysso si nydelege tolkning av «Gi meg Jesus».