Stranda

Stranda

Torsdag 29. oktober starta Radio Sunmmøre, Radio Nordvest og New Life prøvesendingar på Stranda, i det tidlegare konsesjonsområdet til Radio Storfjord. Prøvesendingane vart gjort i frå Ringstadsætra og frå Vestborg vgs.

– Vi håpar med dette at lyttarane no kan høyre oss på frekvensane 104,0 MHz, 106,0 MHz og 106,8 MHz, seier Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, dagleg leiar.

Teknisk godkjenning på plass for Stranda

Sendarane som no er plassert på Vestborg vgs og på Ringstadsætra blir mata via internett frå webradioen til FM 101 (Radio Sunnmøre, Radio Nordvest og New Life.)

– Prøvesendingane har gått fint, og teknisk godkjenning er motteke frå NKOM for sendingane frå desse to punkta, kan Jon Hildre i teknisk komite fortelje.

Konsesjon for heile det tidlegare sendeområdet til Radio Storfjord har Radio Sunnmøre, Radio Nordvest og New Life fått. Det som gjenstår er å få godkjent teknisk konsesjon for dei ulike sendepunkta desse tre radioane skal ha av plassering, for å få best mogleg dekning i det nye konsesjonsområdet.

– Frå Medietilsynet har vi fått programmessig godkjenning for å ta over nettet som Radio Storfjord hadde. Men det er masse detaljar som gjeld teknisk godkjenning for utstyr, antenner, plassering og sånt som ikkje er heilt på plass enno. For dette er det Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i Lillesand som gjev løyve, seier Hildre til Sunnmøringen, lokalavisa på Stranda.

Før jul blir det for kort tid til å få på plass sendeopplegg for Liabygda, Hellesylt og Geiranger i første omgong. Men ein håpar å få på plass ein sendar på Hellesylt etter nyttår, i samarbeid med kommunen eller private. Dette for å gjere det så rimeleg som råd.