Serier på Radio Sunnmøre

Kvar onsdag legg vi ut ein ny del i serien Bibelpraten med Johan Halsne og Arild Ove Halås i IMF Sunnmøre. Ein serie der vi pratar om laust og fast om det som står i Bibelen, og om kva det kan bety for oss idag. Høyr alle episoden på vår podkast.

Johanne Leinebø frå Nerlandsøya arbeidar med å oversetje Bibelen for ulike folkegrupper på Madagaskar. Radio Sunnmøre fylgjer henne i ein serie med nytt intervju kvar tredje veke.

Kvar tredje veke fylgjer vi Teèna Ber Haim, opprinneleg frå Fogn i Ryfylke, om livet i Jerusalem i Israel. Ho er gift i Israel og har konvertert til å bli messiansk jøde. Ho er familiemor og arbeidar i Israel for eit norsk selskap i Rogaland. 

I kvardagspraten kvar tysdag tek vi ein prat med songevangelistane Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes. Vi fylgjer dei i møteverksemda dei har rundt om i landet.

Kva fjortande dag tek vi ein prat med Stig Magne Heitmann, i Åpne Dører, om korleis menneska i den lidande kyrkje rundt om i verda.

Ein gong i månaden høyrer vi siste nytt frå North South Partnership Aid sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopia.

Kvar fjortande får vi høyre frå Åpne Dører sitt arbeid inn mot forfulgte kristne i stengte land verda over. Olaug Lillian Bjørke, regionleiar for Åpne Dører, fortel frå arbeidet eller har med seg gjestar i studio.

Forholdet mellom kristen skapertro slik den blir presentert i Bibelen, og naturvitenskap, evolusjon og ateisme er tema i vår serie Skapelsen. Er den kristne skapertro gammel overtro, og har vitenskapen svar på alle store spørsmål i tilværelsen?

I ein ny serie på Radio Sunnmøre skal vi sjå på kva det vil sei å vere ein kristen. Kva betyr det å vere ein kristen og korleis blir ein kristen?

I ein prat med Irene Krokeide Alnes, songevangelist i over 40 år i heile landet, ser vi på fleire spørsmål som handlar om det å ha ei kristen tru.