I ein ny serie på Radio Sunnmøre skal vi sjå på kva det vil sei å vere ein kristen. Kva betyr det å vere ein kristen og korleis blir ein kristen? Vi startar med å sjå på kven Jesus var då han vart fødd i ein liten stall, vaks opp som tømrar, og det vondaste nokon kunne sei om Jesus var at han omgjekk fattige, sjuke og folk med dårleg omdøme.

I ein prat med Irene Krokeide Alnes, songevangelist i over 40 år i heile landet, ser vi på fleire spørsmål som handlar om det å ha ei kristen tru.