Om Radio SUnnMøre

Radio Sunnmøre er ein kristen nisjeradio som sender musikk, andakter og produserer intervju frå misjon, bistand og kyrkje knytta til Sunnmøre. Vi legg vekt på dei kristne grunnverdiane og det kristne livssynet.
Vil du støtte oss?

Radio Sunnmøre

Litt om vår historie

Radioen endra namn frå Radio Sentrum til Radio Sunnmøre
1. mai 2015. Radioen hadde si fyrste sending 8. januar 1985 med då 2 timar per veke. I dag sender radioen 73 timar per veke på FM i Ålesund, Haram, Giske, Skodje, Sula, Sykkylven, Stordal, Stranda, Norddal og Ørskog. På lokal-DAB i Ålesund, Giske, Sula, Herøy, Fosnavåg, Ulstein, Volda og Ørsta. I tillegg til at vi sender på webradio og via appen RadioPlayer 24/7.

 Radio Sunnmøre har to tilsette, samt mange frivillige som stiller opp. Sidan radioen er drifta på økonomiske bidrag frå givarar, arrangerer radioen fast kvart år RadioGiv, Radiomesse og eit lotteri til inntekt for drifta av radioen.

I tillegg sender radioen ut tre lyttarbrev årleg med muligheit for å støtte radioen.

Vi har VIPPS 72582

Kven er vi?

Våre programleiarar

 

Dagleg leiar

Programleiar