Tradisjonen tru blir det også dette året 60+ leir på Brusdalsheimen i august. Bibeltimar, busstur til Godøy kystmuseum og Ingeløa, markering av Ukraina sin nasjonsaldag, festkveld og song er noko av det som står på programmet. Hilde Giske Lukkedal er med i arrangementskomiteen og fortel engasjert om både program og innhald.