Dei aller fleste føresatte med born i barnehage og skule er vel kjende med at mykje av planlegging foreldre seg i mellom idag føregår på utallige grupper på facebook. Ofte kan det opplevast som uoversikteleg både i form av å vite kven dei ulike personane er i gruppa, kva born dei høyrer til, og det å kunne halde tritt med alle innlegga som blir lagt ut. Simen Sørbøe Klommestein er dataanalytiker ved Transportøkonomisk institutt og har i fleire år drive med programmering. Han er fembarnsfar og engasjert i FAU, og etter sjølv å ha opplevd utfordringane med planlegging på facebook har han no kome med ein ny idè til plattform for foreldrekommunikasjon. Vi har tatt ein prat med Sørbøe Klommestein for å høyre meir om kva dette går ut på.