Då medlemstalet ikkje auka og Ørsta bedehus fekk lavare aktivitet, tok leiar for indremisjonsforeininga Hjørdis Almelid Vikene tak. I eit ope lesarinnlegg i lokalavisa inviterte Almelid Vikens til eit ope idèmyldringsmøte på bedehuset for å dele tankar og ynskjer om bruken av bedehuset. På møtet kom det rundt tjue menneske og fleire nye idear om arrangement og aktivitet kom på bordet. Denne våren har Ørsta bedehus fleire nye aktitivtetar i kalendaren, og i eit intervju med Hjørdis Almelid Vikenes får vi høyre meir.